Oppføringer av oysteinfurnes

Litt meir om gris

Sommaren 2022 flytta rånen GBOF inn på garden. Han er fødd sommaren 2021, og har vore eit kjærkoment nytt flokkmedlem. Janis vart raskt gravid, og fekk eit fint kull med grisungar november 2022. No spring det 8 «ungdommar» rundt og grev i jorda. Desse vert slakta kring juni/juli.

Frilandsgris

Vi har no eit forsøk med frilandsgris av rasen dølagris. Ei av purkene fekk eit lite kull august 21, og vi fekk mykje god lærdom gjennom vinteren. Ser absolutt ut til av vi kjem til å fortsette med dette. Dyra er økologisk fora, og har budd ute med god plass heile livet. Gris»ungane» vart slakta […]

Kronikk om klima, ku og karbon

Det er vanskeleg å forstå alt som vert sagt og skrive om klima. Landbruket vert dratt fram som ein av våre store «klimasyndarar». Samstundes må vi ha mat – korleis skal vi kunne produsere denne og samstundes ta omsyn til klima, biodiversitet og livet i jorda? Det regenerative landbruket er i framvekst, og representerer aukande […]

Portrettintervju i Tidsskrift for den Norske Legeforening

I oktober i år fekk vi hyggeleg besøk av journalist Martin Hotvedt og fotograf Marius Fiskum frå Tidsskriftet for den Norske Legeforening. Kjekt å syne fram garden til mine kolleger, og ikkje minst å få snakke fram bondeyrket, og den fantastiske regionen vi bur i! Det å bu i distriktet oppfattar eg ikkje som nokon […]