Om oss

Menneska bak Furnes Angus

Om oss

Vi heiter Bjørg og Øystein, og har budd på Furnes Gard sidan 2012. Då flytta vi hit ned saman med sønene våre Børge og Torgeir frå Finnmark, der vi hadde budd, arbeidd og trivdest i mange år. Furnes er slektsgarden til Øystein, han er 6. generasjon i sin familie som driv denne garden. Ammekuproduksjon er mogleg å kombinere med eit arbeide utanfor garden. Bjørg er utdanna kroppsøvingslærar, og arbeider ved Haugland rehabiliteringssenter. Øystein er utdanna lege, og arbeider som kommuneoverlege og legevaktsjef i kommunen (Sunnfjord). Det er primært Øystein og far Olav som driv garden i det daglege, med god hjelp frå resten når det trengs. Utover arbeids-, gards- og familieliv finn vi tid til trening, og er glade i å nytte naturen både her og andre stader i landet gjennom heile året. På hausten er jakta viktig. Vi har rikeleg med hjort i området, og har eige godkjend viltmottak. Viktigaste for oss er likevel fuglejakt med ståande fuglehund (strihåra vorsteher), både som trening, jakt og konkurranse.

Om dyra

Det er sjølvsagt angusen som er det sentrale dyret på garden. Vi har 24 ammekyr, noko som gjer at vi på det meste kan ha 60-65 storfe (kyr + kalvar + ungdyr frå året før) på garden. I beitesesongen er det om lag 50 dyr på beite; halvparten kalvar, halvparten vaksne dyr.

Når vi bur på ein gard må vi og ha litt anna å styre med! Bjørg har mykje erfaring med hest, og har 4 islandshestar. 3 av desse er frå eige oppdrett, og desse har ho ridd inn og dressert sjølv, til stor glede for besøkande, vener og familie. Far til Øystein, Olav, har 6 geiter som beiter i skogen frå vår til haust, men som får vere inne på vinteren. Desse produserer 1-2 kje kvar i året, som vi slakter til eige bruk. Vi har og nokre høns som leverer oss ferske egg dagleg.

Ein stor interesse er trening av og jakt med ståande fuglehund av rasen strihåret vorsteher. For tida har vi ei særs lovande ung-tispe (Pladsfjellets Arya) fødd våren 2021. Ho har alt oppnådd gode premieringar på fuglehundprøver (1. og 2. uk), og vi satsar på å finne ein god partner med tanke på parring i løpet av våren 2024.

Sommaren 2020 fekk vi to grisunger av rasen Dølagris; heilsvarte og aktive griser med svært gode kjøttegenskaper av gamal norsk rase. Desse håper vi skal vere gode avlspurker i årene som kjem. Som dei rocka damene dei er, har dei fått namna PJ og Janis. Rånen GBOF flytta inn sommaren 2022. Grisane går ute heile året, og har eigne isolerte, flyttbare hytter der dei har det godt og varmt med tørr halm. Griser har eit høgt behov for aktivitet og «roting»,  og bearbeider veldig godt dei delane av jorda som skal nydyrkast. Dette er eit ledd i å handtere jorda utan bruk av sprøytemiddel; grisen rotar opp jorda, et det den finn av røter og insekter, og tilfører mykje god gjødsel. Vi får då god jord å så i etter at grisen er ferdig, og som bonus får vi godt grisekjøt frå frilandsgris – perfekt til bacon, spekeskinke og ellers godt grisekjøt til både grill og jul. PJ fekk sitt første kull august 2021, etter insemenering med Durok. Vi har no oppfostra eit par kull med grisungar, som vert slakta kring 8 mnd alder. Kjøtet er fantastisk marmorert og smakfullt, og er til salgs (sjå under «produkt»).  Målet er 2 – 4 kull/år framover.

Angus og Furnes

Vegg med skrifta Furnes Angus

Om garden

Furnes Gard ligg i Åmotsdalen ca 5 km aust for tettstaden Bygstad, i Gaular kommune, Sogn og Fjordane. Næraste by er Førde, som ligg 2 mil å køyre frå oss. Bygstad er ein gamal jordbruksbygd, med mange funn frå vikingalderen. Vår eigen gard veit vi har vore drifta sidan ca 1550. På den tida byrja folk å komme attende til regionen, etter at Svartedauden hadde fart hardt fram på våre kantar. Ein veit at dei som busette seg valde tidlegare gardar, som var enklare å rydde. Det er difor truleg at det har vore drift på garden her også før 1350, men det er ikkje sikre nedteikningar om dette.

Garden ligg i åmotet – der elvane møtes – mellom den flotte lakseelva Gaula, og ei mindre elv Åmotselva. Desse elvane rammer vakkert inn eigedomen, som ligg som eit stort nes mellom dei to elvane. Det er nesten berre furuskog på skogsarealet, så til samen forklarer dette godt namnet «Furnes». Garden er uvanleg flat for å vere ein vestlandsgard. Den ligg på to nivå, det øvste nivået er der bolighusa og driftsbygga ligg, på ei stor endemorene frå siste istid. Dette gjev ei godt drenert jord, noko som er ein kraftig føremon i det fuktige klimaet vi ofte har her i vest. Det legste nivået er «myra», som namnet seier er dette myr oppdyrka for mange år sidan.