Fôret

Drøvtyggande dyr, som mellom anna storfe, er den einaste måten gras kan omdannast til menneskefor. Slik kan vi utnytte dei fôrressursane vi har her på vestlandet, som ikkje har eit klima som eigner seg for særleg anna landbruk enn dyrking av gras. Ein annan fordel er at grasetarane kan utnytte tilgjengelege fôrressursar i utmarka, noko som er sentralt i vår drift; 4-5 månader av året hentar dyra alt dei treng av fôr frå beite i dalen her vi bur. Dette held landskapet åpent, og sikrar samstundes sunn og variert kost for dyra. Vi seier at vi «driv økologisk ut frå lokale føresetnader». Med det meiner vi at vi heile tida har eit økologisk fokus; viktigast for oss er det at vi ikkje nytter sprøytemiddel. Vi nyttar likevel kunstgjødsel for grasveksten sin del. Over 90% av fôret vi nyttar i vår produksjon er grovfôr produsert på eigen gard, noko som er miljømessig gunstig og gjev eit levande kulturlandskap.

Vi nyttar og noko kraftfôr gjennom året i form av Formel Linnea (Felleskjøpet). Linnea er basert på norsk korn, og raps frå europeiske jordbruksareal. Dette fôret skil seg frå vanleg nytta kraftfôr som er basert på soya, produsert i sør-amerika. Vi ser dette som gunstig både med tanke på å ikkje nytte regnskogareal, mykje mindre transport og klimaavtrykk – og med tanke på kva verknad dette fôret har på feitet i dyra. Soya har omega-6 dominerte feitsyrer, medan raps har omega-3 dominerte feitsyrer. Gras er og omega-3 dominert. Det er kjend at grasfora storfekjøt har ein stor andel omega-3 i feitet sitt noko som er gunstig med tanke på kosthald for forbrukar. Her kan du lese meir inngåande om effekten av grasforing på kjøtet

Kraftfôr vert nytta ca 1 kg/ku/døgn frå kalving 1-2 månader fram til beiteslepp, for å sikre god melkeproduksjon. Vidare lar vi kalvane ha tilgang til kraftfôr frå dei er fødde og fram til beiteslepp. Dette er viktig for å sikre god utvikling av vomma, noko som gjer kalvane i stand til eit godt grovfôropptak på beite. I beitesesongen nyttar vi ei halv bøtte kraftfôr som dagleg «dressur», kyrne elskar dette og kjem løpande berre dei høyrer raslinga av fôret i bøtta. Slik handterar vi dyra lett ved flytting. Ungdyra som vi forer fram gjennom vinteren får eit par never med kraftfôr kvar morgon og kveld, for å stimulere appetitten. Utover dette får både kyr og kalver saltstein på beite, og tilskot med vitamin/mineral når dei er inne. Dette er naudsynt for å sikre god helse, normale svangerskap og vitale kalver.

Foring av dyr
Beitet